Superline – og litt om stil og etikk

31.8.20 gikk eg og Kristian Sørensen ny rute ‘Superline’ like til høgre for ‘Supergran’ i Superveggen i Molladalen. Pt er ruta 60m, nat, 2 tl, 7-, 7/A1. Av karakter er den lik ‘Peregrino’ og ‘Naiv super’ (‘18) og ‘Gullfeber’ (‘19); tynne riss som må rensast og er vanskelg å sikre. Pt er der 3 fjellboltar (fb) i 1.tl og 5 i 2.tl. Det som skil denne ruta frå dei 3 nemnde, er at cruxa er lange, pumpande og vedvarande. Kristian er overtydd om at dette vil gå i fri, at lina er super og fjellkvaliteten likeeins, og kanskje kan forlengast heilt til topps. Pt står det igjen 15m med lett klatring til rampen.

For meg er dette siste lina eg har sett meg ut og har hatt lyst til å prøve meg på. Framover vert det repetisjonar av klassikarar og å forbetre stilen på nokre nyare ruter.

Superline i Superveggen, foto T Skeide

Desse nemnde rutene opnar for nokre tankar om stil og etikk.

Med unntak av 1tl på ‘Superline’ – som eg rensa og presikra med 3 fjellboltar i ‘18 – er all ruter og tl leda nedanfrå og opp. Nesten alle riss er tynne, må rensast både for klatring og sikring, og sikringar er vanskeleg å sette. Derfor er det slått nokre fb i dei tynnaste rissa og i lange crux (‘Peregrino’ 3fb, ‘Gullfeber’ 3fb, ‘Superline’ 8fb). Det er også sett bb i glatte crux (‘Gullfeber’ 3bb’, ‘Naiv super’ 1bb) og på nokre standplassar (‘Peregrino’ 3 stand / retur i Diederveggen, ‘Naiv super’ 1 stand / retur, ‘Gullfeber’ 1 stand). Dette er ‘god stil’, og innanfor NTK og NKF sine gjeldande råd.

Så er det etikk- og verdisida ved dette. Molladalen står i norsk samanheng fram som eit velforvalta klatreområde. Her er nokre rapellruter av høg standard SKK har etablert og har ansvar for, og nokre etablert individuelt. Karakteren for dalen under eitt, er likevel at dette er høgfjellsområde som krev eigenkompetanse for å ferdast trygt i. Omfanget av faste sikringar i rutene er avgrensa til vanskelege ruter, og utgjer i desse ein liten del av sikringsplasseringar. Eg har plassert mesteparten av fb og bb i ruter i dalen, men omfanget er så lite at eg meiner det er innanfor både estetisk og etisk.

UIAA og NTK promoterer at klatrklubbar etablere eit lite utval med aktive klatrar, fjellførarar og førarforfattarar som held ei hand over stil- og etikk-kulturen for sine fjelloråder. Eit slikt utval gir råd til klubben sitt styre og dei som vil lage nye ruter.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *