Utviding av Saurefeltet.

Vi har no fått tillatelse frå grunneigarane på Saure til å utvide buldrefeltet. Feltet blei rekognisert saman med grunneigar og representantar frå klubben idag. Det er pr. idag to stk etablerte steinar på Saure, utvidinga av feltet vil gi tilgong på eit hopetall av nye steinar. Der mesteparten held høg kvalitet, og gir grunnlag for buldring i alle vanskegradar. Området som er åpna for utviding går frå steinmuren ved dei to allereie etablerte steinane ved nedste Saure, og fylgjer området opp til gjerdet.

I tillatelsen innebær det: skoging: Her er det viktig å skoge ansvarleg, og plassere kvisthaugane fint ved siden av steinen. En kvisthaug pr. stein. Unngå unødvendig skoging. Pussing av stein: Puss fram so mykje av steinen som mulig. Ein fin tanke er att no når vi har so monge steinar å velge i, unngå å «press» fram for monge bulder på ein stein. Prøv so godt det let seg gjere å følge dei naturlige linjene i steinen. Det er sjølvsagt fritt fram om man vil pusse fram dei hardaste buldera, men so monge bulder som mogleg på nybyrjar nivå er ønskelig. Her er mykje å pusse fram i alle vanskegrader! Rapportering: Ved etablering av nye bulder ynskjer vi: Eit representativt bilete av steinen med linja tekna inn, navn på linja, vanskegrad og namn på førstebestigar. Dette kan sendast på klubbmail merka «saure».

Tysdag 2.juni blir det arrangert fellesdugnad i regi av SKK. Dette blir ein dugnad for fleire av felta på Sunnmøre bl.a Saure, Eikrem og Aurstad. Om du ynskjer å ta turen er det greit å ha med: børste (stål og vanleg), motorsag, samt verneutstyr! spader og evt hakke kan og være greit, crashpad og klatresko. Vi vil og, so godt det let seg gjere annonsere dugnadar på sosiale media.

NB! Det er begrensa parkering på Saure. Parkeringa er lokalisert ved dyrkamarka ved nedste garden på Saure. Om du kjem utanom dugnad bør ein forhøre seg med gardseigar for parkering. Ein skal ikkje benytte denne parkeringa under slåtten.

Vedlagt er eit bilete av ein av steinane som blei pussa på idag. 2 bulder er no etablert på den. «Linedance» 6B og «No BS» 6A. Foto: Sindre Dimmen.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *