Viktig informasjon om drop-in i klatrehallen i Ørsta!

Covid19 smitta er på vei oppover i heile landet, og regjeringa har komt med ytterlegare tiltak.

Vi held fortsatt opent for drop-in buldring og klatring, men akkurat no vil vaktene ikkje kunne stille til å sikre, dette fordi det er svært vanskeleg å halde avstand/unngå kontakt når ein sikrar kvarandre.

Altså kan ein benytte seg av drop in, men ein må sjølv ha brattkort og kunne sikre kvarandre.

Buldring vert som før.

For å gjer smittesporinga enklare har vi utvikla eit digitalt besøksskjema som alle besøkande skal fylle ut. Ein gjer dette ved å scanne QR kode (ark vert hengt opp i hallen) eller gå inn på følgande lenke:

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSeu8P7nCA3kIHWBdfcFRIqtvT4KVqakG0fwwBdppeGlGYZPHg/viewform?fbclid=IwAR3CuEHXYSFUgX_wGge04e9DvbBYs60agqO0uvmo24LvbkDl6w98ElVo2Aw

Dei som evt ikkje har mobiltelefon må registrere besøket sitt i besøksboka.

Vil minne alle om å passe på:

  • hald 1 meters avstand
  • utfør handhygiene
  • ikkje møt dersom du er sjuk
  • registrer alle besøk på digitalt besøksskjema (dei som ikkje har mobil kan skrive seg i besøksboka)

Vi endrar dette så snart situasjonen tilsei at det er mogleg. Vi er klar over denne informasjonen kjem i siste liten, men vi har brukt tida etter dei nye tiltala kom til å diskutere moglegheiter.

Takk for tålmodigheita!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *